Småstubbar om villrein

Lokalhistorikar Knut Hermundstad frå Vang i Valdres er ein som har skrive ned mykje tradisjonsstoff om villrein og villreinjakt. Me tek her med tre små stykke som handlar om villrein, veiding og overtru. Stykka er henta frå boka "Truer om villdyr, fangst og fiske" frå 1967.

Ei "tyngd" varsla om villrein

"Ola Skjefte, godfar min, tala jamt om at han kjende på seg når villreinen var nær ved. Då kom det over han ei merkeleg tyngd, så han fekk slik hug til å sova. Då laut han ta seg saman, for då var det straks før han fekk sjå villrein."

Maning og fjetring

Dei veidarar som var dugande i yrket sitt, fekk jamt det ordet på seg at dei kunne mana villreinen til seg og fjetre han, så dei fekk skjote så mykje dei ville. Det er òg sikkert at sume av dei gamle veidemenn trudde på denne trolldomen. Ja, dei ikkje berre trudde på han, men dei fekk tak i svartebokformlar, som dei mulla på når dei såg villrein. Hjå ein av dei fremste gamle veidemenn i Valdres fanst det mellom nokre gamle papir etter han ei "fjetrebøn." Ho lyder ordrett slik:

At fjætre. Hør du mand stat stille paa stand, mens jeg gaar min vei frem. Guds Haand over mig, jernbaand på dig i 3 navn Gud Faders Søn og Hellig Aand, Ammen.

Her kunne ein sjølvsagt berre setja "Rein, simle eller bukk i staden for "mand", så var bøni til bruk for veidaren.

Illustrasjon henta frå boka "Den dragende flok" med tekst og teikningar av Jens Rosing

Illustrasjon henta frå boka "Den dragende flok" med tekst og teikningar av Jens Rosing

Villreinskyttaren som jaga huldrejentene

Gamle Halten i Vang i Valdres var svær villreinskyttar. Ein gong han var på veiding, låg han i eit sel. Han hadde om kvelden tent opp eld på åren og hadde drege av seg på føtene og sat og lunka og turka seg med han spelte på munnhorpa si.

Om litt fekk Halten sjå at det dansa to jentor etter spelet hans frampå selsgolvet. Han let, og dei dansa vel og lenge. Då han endeleg laut slutte spela, kom ei av jentene bort til han og tok til å lugge han på leggene, for han var så løin på føto. men dette likte ikkje Halten, som ventande var. Til slutt spratt han opp, tok børsa si og meinte så til at no fekk jentone pakke seg på dør. Med det same dei slapp ut, såg han at båe hadde rovor.

Dagen etter var gamle Halten på villreinjakt att. Han såg mykje rein som var på fint skothald. Men den som skaut bom heile dagen, var Halten. Ikkje ein rein felte han.

Då Halten i kveldingi gjekk om ein stor haug nær stølen han låg på, ropte det til han frå haugen: "I dag fekk gamle Halten måte mykjy. O dæ fekk'n att førdi han skremde jentudn våre mæ skrellpipun sine"!

Då svara gamla Halten: "Be dei koma att i kveld, sko dei få danse mettin sin!" Jentone kom att og dansa vel og lenge etter spelet til Halten. Seinare datt villreinane for skoti åt Halten nett som før, alt han ville ha.


villrein.no - Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Mens me ventar på dyra

Det tredje møtet i haust i SVR-regi med verdiskapingsprogrammet ”Villreinfjellet som verdiskapar” som tema gjekk føre seg i midten av november i Hjelmeland, vest i Setesdal Ryfylke. Mellom 70 og 80 personar hadde møtt opp for å høyre på dei tre foredragshaldarane: den lokale historieforteljaren Arne Kleppa, Lena Romtveit frå Norsk villreinsenter Sør og dagleg leiar for Stavanger Turistforening, Preben Falck.

Tittelen på møtet, ”Mens me ventar på dyra”, avspeglar stoda for villreinen så langt vest i villreinområdet Setesdal Ryfylke. Området er det nest største villreinområdet i landet i flatemål etter Hardangervidda og har ei vinterstamme på ca. 3500 dyr. Utfordringa er at reinen i nyare tid ikkje brukar heile området, deriblant Hjelmeland sine marker. Men mange av dei frammøtte minnest godt at der var dyr og jakt også i desse heiane.

Arne Kleppa, historieforteljar frå Hjelmeland. Foto: Kjell Bitustøyl

Jakt i Hjelmelandsheiane

Arne Kleppa viste seg å vera ein forteljar av dei heilt sjeldne, han serverte den eine historia etter den andre frå ulike jaktturar, ofte med ein glimt i auga og med god kommunikasjon med publikum, mange av dei jaktkameratar. Slik levande forteljekunst er sjeldan vare i våre dagar.

Han snakka om forskjellen på ganglaget mellom ein bymann og ein bonde. Han var innom bygdefolks kontakt med bymannen Heiberg, ein kontakt som kunne vera problematisk ikkje minst for sauebøndene ettersom Heiberg kjøpte opp store område for å byggje opp ein ”villreinpark”. Slik blei Heiberg forhatt av mange, medan andre hadde eit anna forhold til han, og i ettertid har ein endra litt syn på dette etter som enden på visa etter 2. verdskrig blei at ”Njardarheim” blei ålmenning. Slik har mange bygdefolk i seinare tid kunne hatt glede av reinstamma i området.

Kleppe fortalde sjølvopplevde jakthistorier, om hellerar, dryge turar og jaktfellesskap heilt til 1989. Han var mellom anna innom då dei fyrste flya kunne transportere folk inn i heiane på 1960-talet.

Større vandringsmønster i eldre tid

Lena Romtveit frå Norsk villreinsenter har arbeidd mykje med GPS-merkeprosjekt av villrein i ulike område, også i Setesdal Ryfylke villreinområde. Ho nøsta opp den eldste villreinhistoria, då villreinen kom vandrande inn frå litt ulike retningar her til landet. Ved hjelp av den eldste dokumentasjonen på villreinfangst og villreinjakt, kan ein seie noko om kvar villreinen var og kva område reinen brukte. Store fangstanlegg finst ikkje så langt sør, men ein reknar med at Setesdal Ryfylkeområdet har vore ein del av eit større område for reinen, før vegar, jernbane og annan infrastruktur sette ein stoppar for deira vandringar.

Lena Romtveit frå Norsk villreinsenter Sør. Foto: Kjell Bitustøyl

Områda i vest meir i bruk før 2000

Romtveit la vekt på at ein ikkje må overtolke funn av fangstminne, ettersom registrerte fangstminne fyrst og fremst er gjort i forbindelse med kraftutbygging. Store område er med andre ord ikkje undersøkt. Ho kunne slå fast at områda vest for Svartevatn har hatt ein meir sentral plass som villreinområdet i tidlegare tider, mellom 1975 og 1990 var det meir villrein i vest. Så har storleiken på stamma hatt innverknad på kor store delar av villreinområdet reinen har nytta, stamma har i dette området som i dei fleste andre området svinga opp og ned. På byrjinga av 2000-talet har det vore mindre med dyr, berre einskilde bukkeflokkar har brukt desse områda, medan fostringsflokkane for ein stor del har vore lenger aust, i fylgje Romtveit.

To delbestandar

Kva har skjedd? spurde Romtveit og gav ei forklaring mange nok kan slutte seg til. Dei store kraftutbyggingane, med ikkje minst Blåsjø, har endra landskapet og med det reines åtferd. Og ein har fått to delbestandar i området, ein nord og ein sør for Blåsjø. For å finne meir ut om dette, blei det i 2014 sett på radiosendarar på reinsbukkar. Slik har ein òg prøvd å finne meir ut om kva andre barrierar kan ha og har betydd, til dømes Brokke-Suleskardvegen som er stengt vinterstid, men open på sommaren.

Med referanse til Nordfjella og neddemde trekk viste Romtveit kva som skjer med desse reintrekka, ein får store ”skuggeområde” fordi reinen endrar åtferd. Eit anna moment er at reinen sjeldan kryssar regulerte vatn vinterstid. Ho snakka òg om andre typar av infrastruktur som forstyrrar og konkluderte med at ein må sjå på summen av alle typar forstyrring. Likevel er det positive trekk i Setesdal Ryfylke villreinområde, bestanden er på veg opp og kalveprosenten er òg på veg opp. Om utfordringane framover sa Romtveit at klimaendringane med meir ising er eit varsku om at ein òg må hegne om utkantane i dette villreinområdet.

Avslutningsvis i møtet fekk dei frammøtte ei orientering frå dagleg leiar for Stavanger Turistforening, Preben Falck, om planane for ei ny turisthytte i Hjelmelandsheiane, i eit område der det har vore lite rein dei siste 10-15 åra.


villrein.no - Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Statsrådbesøk på Norsk villreinsenter Nord

– Når ein sit her er det klart ein blir forelska i området! Klima- og miljøminister Ola Elvestuen var begeistra etter sitt fyrste besøk på viewpoint SNØHETTA under markeringa av vern av tidlegare Hjerkinn skytefelt, laurdag 29. september.

Statsråden vandra i villreinen sine fotspor heile dagen, og fekk grundig innføring både i historia til- og den noverande situasjonen for den sårbare arten. Norsk villreinsenter Nord baud på frukost og ei orientering om bakgrunn, drift og framtidsplanar ved dagleg leiar Raymond Sørensen. Elvestuen uttrykte stor begeistring for viewpoint SNØHETTA-prosjektet og omtala det som eitt av Noregs mest kjende bygg.

Han fekk også oppleve korleis naturvegleiarane ved senteret formidlar villreinen i praksis. Heidi Vognild fortalde om anatomien til dyra som er spesialtilpassa eit liv i fjellet og viste fram skinn, klauver og gevir. Medan Are Endal Rognes tok med seg statsråden med fylgje ut i fangstminneparken der han demonstrerte korleis fangst av både villrein og rovfugl gjekk føre seg.

Naturvegleiarane Heidi Vognild (t.v.) og Are Endal Rognes demonstrerer falkefangst for klima- og miljøminister Ola Elvestuen (t.h.). Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Naturvegleiarane Heidi Vognild (t.v.) og Are Endal Rognes demonstrerer falkefangst for klima- og miljøminister Ola Elvestuen (t.h.). Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Uroa for villreinen sin framtid

- Dette er våre fjellområde, men vi eig dei ikkje. Vi har dei til låns og no er vi, etter mitt skjønn, inne i ei kritisk fase for villreinen. Fylkesmannen i Oppland, Sigurd Tremoen, uttrykte sterk uro for arten i eit langtidsperspektiv, då han opna dialogmøtet som var neste punkt på Klima- og miljøministeren sitt program.

Bakgrunnen for møtet var eit bekymringsbrev som fylkesmennene i Hedmark og Oppland sende til klima- og miljødepartementet i vinter.

Tremoen understreka at det ikkje er ofte fylkesmennene sender ut slike brev, noko som viser alvoret i situasjonen. -Det er ein art som var livsviktig for våre forfedre. I dag er det vi som er livsviktige for den. Det er ein viktig del av vår historie og vår nasjonale identitet.

Ulike aktørar i villreinområdet var inviterte til å kome med sine innspel til statsråden og departementet. Blant desse var Norsk Villreinsenter Nord ved Raymond Sørensen og forskar Olav Strand og Rondane og Dovre nasjonalparkstyre ved leiar Bengt Fasteraune.

Les meir om møtet her: https://www.fylkesmannen.no/Oppland/Miljo-og-klima/Nyheter-om-miljo-og-klima/vil-mote-villrein-problema-med-meir-heilskapleg-forvaltning/


Minister i motvind

Ein innhaldsrik dag på Hjerkinn vart avslutta med høgtidsstemning i sterk motvind. På viewpoint SNØHETTA var det invitert til markering av at det tidlegare Hjerkinn skytefelt no er ein del av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Meir enn 70 gjestar tok turen opp, trass i at vinden gjorde vegen til målet noko tyngre enn vanleg.

Trass sterk motvind, fylgde statsråden interessert med då han fekk naturvegleiing på veg opp til viewpoint SNØHETTA. F.v. i fremste rekke Raymond Sørensen, Heidi Vognild og Ola Elvestuen. Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Trass sterk motvind, fylgde statsråden interessert med då han fekk naturvegleiing på veg opp til viewpoint SNØHETTA. F.v. i fremste rekke Raymond Sørensen, Heidi Vognild og Ola Elvestuen. Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Undervegs fekk Ola Elvestuen vite meir om korleis villreinen har forma Dovrefjell si historie. Det var med stor interesse han fylgde med, då naturvegleiar Heidi Vognild fylte turen opp med informasjon om korleis reinen og folket har eksistert saman her oppe i 10 000 år.

At eit skytefelt blir verneområde er ikkje kvardagskost. Dagmar Hagen i NINA har vore prosjektleiar for det som er Noregshistoria sitt største naturrestaureringsprosjekt. I sin tale under markeringa understreka ho at å vere ein del av dette er noko NINA er stolte av. – Det er heilt rått det vi har fått til her!

viewpoint SNØHETTA fekk ein ny beundrar då klima- og miljøminister Ola Elvestuen markerte vern av tidlegare Hjerkinn skytefelt. Foto: Rebecca Nedregotten Strand.

viewpoint SNØHETTA fekk ein ny beundrar då klima- og miljøminister Ola Elvestuen markerte vern av tidlegare Hjerkinn skytefelt. Foto: Rebecca Nedregotten Strand.